Emner: MUG108 Musikkteori II - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Undervisninga startar ihaustsemesteret og går over to semester.
Mål og innhald
Emnet omfattar sats- og høyrelære. Desse vert integrert om tilhøva ligg til rette for det.
Satslære omfattar fordjuping i generalbass og kontrapunkt, og dessutan arbeid med relevante satstypar, inkludert analyse og imitasjon. Høyrelære omfattar primavistasong og -rytme, fritonalitet, auditiv analyse, kombinasjonsøvingar/polyrytmikk, funksjonslytting, besifringsspel, og dessutan melodi-, rytme- og akkorddiktat. Emnet utfyller musikkteori I.
Emnet tek sikte på å gje studentane nærare innsyn i sentrale teoretiske emne, og gjev såleis høve til fordjuping der musikkteori I går i breidda.
Læringsutbyte
Studenten i fullført emne
- kan skriva ein sats i kontrapunktisk og homofon stil
- har eit språk for å beskrive harmonisk progresjon
- dokumenterer evne til å attgje melodi, rytme og akkordprogresjon gjennom lytting
- les og meistrar komplekse rytmiske strukturar og melodiar med modulasjon i prima vista-oppgåver.
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i emnet MUG107 Musikkteori I
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar/fellesundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på førelesingar og gruppeundervisning.
- Oppgåveinnlevering av gjevne oppgåver, normalt 5 til 8.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Vurderingsformer
Mappe og munnleg.
Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:
1. Satslære: Ei mappe med minimum 5 godkjende oppgåver.
Oppgåvene til mappa vert valt ut i samråd med faglærar.
Intern sensur med minst to sensorar.
2. Høyrelære: Munnleg eksamen.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.
Mappa i satslære må vere greidd før munnleg eksamen i høyrelære, og er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no