Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.
Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.
I gehør/improvisasjon vert det gjeve innføring i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.
I arrangering/komponering vert det gjeve innføring i rytmikk, akkordlære (inkl. enkel blokkharmonisering og reharmonisering), instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Eksamen består av to deler som vert vekta likt:
Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar i delemnet.