Emner: MUG110 Musikkteori I - jazz - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.

Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.
I gehør/improvisasjon vert det gjeve innføring i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.

I arrangering/komponering vert det gjeve innføring i rytmikk, akkordlære (inkl. enkel blokkharmonisering og reharmonisering), instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- handterer dei grunnleggjande verktya for arrangering/harmonisering/komponering i jazzrelatert stil.
- kan improvisere på eit grunnleggjande nivå med basis i jazz- og tradisjonsrelatert stil.
- kan identifisere, attgje og analysere ulike rytmiske, tonale og modale strukturar gjennom lytting.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Delemna gehør/improvisasjon og arrangering/komponering vert integrert dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga er praktisk orientert, og studentene utgjer et basisensemble for fagleg utvikling og utprøving. Undervisninga i delemna vert gjeven i form av gruppeundervisning og individuell rettleiing. Studentane vert normalt organisert i grupper på opptil 6.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar

- Oppgåveinnlevering, minimum 5 oppgåver.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler som vert vekta likt:
* Jazzarrangering/komposisjon: Ei mappe med 5 godkjende oppgåver.
* Gehør/improvisasjon: Munnleg eksamen.
Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.
Intern sensur med minst ein sensor.

Karakterskala

Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no