Emner: MUG111 Musikkteori II - jazz - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet siktar mot å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.

Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.

Sentralt i gehør/improvisasjon står instrumentell bruk av skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse emnedelane er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.

I arrangering/komponering skjer ei fordjuping i rytmikk, akkordlære, instrumentasjon og formforståing. Denne delen av emnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensembler.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUG110 Musikkteori I - jazz, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnedelane gehør/improvisasjon og arrangering/komponering vert integrerte dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga er praktisk orienterte og studentane utgjer eit basisensemble for fagleg utvikling og utprøving.

I gehør/improvisasjon vert det gitt fordjuping i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse emnedelane er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Individuelt transkribsjonsarbeid er òg nytta som metode i dette delemnet.

I arrangering/komponering vert det gjeve fordjuping i rytmikk, avansert blokkharmonisering og reharmonisering, instrumentasjon og formforståing. Undervisninga vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.

Undervisning i emnedelane vert gitt i form av gruppeundervisning og individuell rettleiing. Studentane vert normalt organiserte i grupper på opptil 6.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

 

 

Vurderingsformer

Eksamen omfattar to delar som vert vekta likt:

Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.

Ein av eksamensdelane, gehør/improvisasjon eller jazzarrangering/komposisjon, vil ha ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Den andre eksamensdelen vil ha intern sensur med minst to sensorar. For begge eksamensdelane gjeld at ein av sensorane kan vere faglærar i delemnet.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no