Bachelor
Emnet byggjer på MUG107 Musikkteori I, men med større vektlegging av lærestoff og aktivitetar tilpassa den enkelte studenten sine interesser. Emnet består av ulike modular. Studenten vel tre modular blant dei som kvart år blir tilbydde.
Enten modulane Sonatesatsform eller Musikalsk analyse er obligatorisk .
- Sonatesatsform
Modulen fokuserer på analyse av wienerklassiske sonatesatsar med utgangspunkt i William E. Caplins teori. Rettleia semesteroppgåve: Analyse av ei sonatesatsform. Semesteroppgåve skal innleverast ved avslutning av modulen.
- Musikalsk analyse
Modulen består av ein kort introduksjon til fagfeltet musikalsk analyse. Blant emna som vert behandla er beskriving, segmentanalyse, linjeføringsanalyse og forholdet mellom tekst og musikk. Analyse av ein sjølvvald sats. Semesteroppgåve skal innleverast ved avslutning av modulen.
Valbare modular (med atterhald om igangsetting og kapasitet):
- Romantisk harmonikk
Modulen fokuserer på det harmoniske språket i den romantiske perioden (1820-1900). Studentane får eit verkpensum. Etter fullført modul skal studentane kunne gjere greie for harmonikken sin utvikling i perioden. Studenten leverer inn minimum fire oppgåver i løpet av modulen.
- Kontrapunkt
Modulen tar sikte på å gi ein introduksjon til kontrapunkt frå det 16. og 17. hundreåret. Studenten får ei forståing av kontrapunktteknikkar gjennom analyse, skriftlege og praktiske øvingar av musikkeksempel frå denne perioden. Etter å ha fullført modulen skal studenten kunne analysere ein fleirstemmig kontrapunktsats frå det 16. eller 17. hundreåret, og kunne skrive 2-stemte kontrapunktsatsar. Studenten leverer inn minimum fire oppgåver i løpet av modulen.
- Improvisasjon
Modulen søker å avspegle musikken sine mange uttrykksmidel på tvers av genregrenser. Etter å ha fullført modulen skal studenten ha ei musikalsk oppfatning og uttrykksevne fundert i improvisatorisk arbeid med grunnelementa melodi, rytme, klang, harmonikk og form. Studenten skal ha minimum to framføringar i gruppa. Munnleg prøve i avslutninga av modulen.
- Bruksarrangering
Modulen består av ein kort introduksjon til fagfeltet musikalsk arrangering innan ulike stilarter. Etter å ha fullført modulen skal studenten ha utviklet basisferdigheter i komponering og arrangering for mindre besetningar. Studenten skal kunne arrangere, skape, innstudere og vurdere eigne satsar for ulike instrumentale og vokale besetningar. Studenten leverer inn minimum fire skriftlege øvingar i løpet av modulen.a
Delta på førelesingar og gruppeundervisning i tre valde modular. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.
Godkjent obligatorisk arbeidskrav:
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav på kvar valde modul er gjennomført og godkjent.
Bestått tre modular:
Anten sonatesatsform eller musikalsk analyse ¿ rettleia semesteroppgåve.
Og ein av de valgte modulane:
Romantisk harmonikk: Fire oppgåver
Kontrapunkt: Fire oppgåver
Improvisasjon: Munnleg prøve.
Bruksarrangering: Fire oppgåver.
Intern sensur med minst to sensorar.