Mål:
Emnet har som mål å auke kunnskap om:
- europeisk kunstmusikk frå antikken til vår tid
- norsk musikkhistorie frå ca. 1800 til vår tid
- stil- og verkanalytiske metodar
Innhald:
Studiet tar opp tema som korleis klassisk musikkhistorie står i ein breiare kunst- og idéhistorisk samanheng.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
*kan gjere greie for stil- og sjangermessige hovudtrekk i kunstmusikken frå den vestlege verda
Ferdigheiter
Studenten ..
*kan kjenne att utvalde musikkverk frå dei ulike tidsepokane i musikkhistoria
Generell kompetanse
Studenten ..
*har eit språk for å beskrive ulike stilistiske og formale trekk ved musikken.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Bachelorprogram i musikkvitskap.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Munnleg eksamen
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.
Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 20-30 verk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50