Emner: MUG118 Musikkhistorie jazz - Høst 2014
Studiepoeng
10.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet for studiet er å byggje ei grunnleggjande og historisk fundert forståing for jazz som musikalsk uttrykksform og kjennskap til sosio-kulturelle høve rundt jazz som fenomen. I tillegg skal emnet gi ei innføring i nokre grunnleggjande problem (innhaldsmessig og metodisk) knytt til historieframstilling. Til saman skal dette skape grunnlag for ei kritisk fundert forståing for jazzhistorie.
Det vert gjeve innføring i
- jazzens røter
- ulike retningar/epokar innan jazz, inkludert grunnleggjande forståing for kva som konstituerer desse, både musikalsk og sosio-kulturelt
- spesialiserte emne av jazzhistorisk relevans
- tekstanalyse/kjeldekritikk og oppgåveskriving.
Læringsutbyte
Studentar som har fullført emnet- kan gjere greie for hovudstrømmingane i jazzmusikkhistoria.
- har eit språk for å beskrive ulike problemstillingar i høve til utviklinga av stilretningar og historieskriving som fagfelt.
- kan kjenne att eit utval sentrale komposisjonar frå jazzmusikkhistoria.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Studierett ved UiB. Studentar som ikkje har emnet som obligatorisk emne i sin bachelorgrad, og andre studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, må søke om opptak til emnet innan 15. august i. Emnet har avgrensa kapasitet. Når det er naudsynt å avgrensa tilgangen, gjeld følgjande rangering:
- Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon
- Studentar på andre program på Griegakademiet ¿ Institutt for musikk
- Andre studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Om emnet blir fullteikna, vil opptak av gruppe 3 skje på grunnlag av søknadstidspunkt.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga består av førelesingar og oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Delta på førelesingar og oppgåveseminar
- Oppgåverettleiing.
All undervisning er obligatorisk og må vere gjennomført og godkjent før eksamen.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei skriftleg oppgåve og munnleg eksamen.
- Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 8-10 sider. (Times 12, 1 ½ linjeavstand, ca. 4000 ord). Intern sensur med minst to sensorar.
- Munnleg eksamen tek utgangspunkt i lesepensum og lytterepertoar. Ekstern sensur med minst to sensorar.
Oppgåva og munnleg eksamen blir vekta likt. Kvar eksamensdel er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F.
Litteraturliste
Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 35-40 komposisjonar.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no