Emner: MUG118 Musikkhistorie jazz - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet for studiet er å byggje ei grunnleggjande og historisk fundert forståing for jazz som musikalsk uttrykksform og kjennskap til sosio-kulturelle høve rundt jazz som fenomen. I tillegg skal emnet gi ei innføring i nokre grunnleggjande problem (innhaldsmessig og metodisk) knytt til historieframstilling. Til saman skal dette skape grunnlag for ei kritisk fundert forståing for jazzhistorie.
Det vert gjeve innføring i
- jazzens røter
- ulike retningar/epokar innan jazz, inkludert grunnleggjande forståing for kva som konstituerer desse, både musikalsk og sosio-kulturelt
- spesialiserte emne av jazzhistorisk relevans
- tekstanalyse/kjeldekritikk og oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- kan gjere greie for hovudstrømmingane i jazzmusikkhistoria.
- har eit språk for å beskrive ulike problemstillingar i høve til utviklinga av stilretningar og historieskriving som fagfelt.
- kan kjenne att eit utval sentrale komposisjonar frå jazzmusikkhistoria.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningen består av forelesninger og oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

* Delta på førelesingar
* Oppgåverettleiing.

All undervisning er obligatorisk og må være gjennomført og godkjent før eksamen.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ei skriftleg oppgåve og munnleg eksamen.

Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 8-10 sider.

(Times 12, 1 ½ linjeavstand, ca. 4000 ord).

Munnleg eksamen tek utgangspunkt i lesepensum og lytterepertoar.

Oppgåva og munnleg eksamen blir vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

 

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F..

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 35-40 komposisjonar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no