Emnet skal gje studentane viktige teoretiske reiskapar til seinare bruk, både i studia og i yrkesliv. Emnet tek utgangspunkt i at akademiske tekstar alle har visse eigenskapar felles, som til dømes dokumentasjon, argumentasjon og sakleg framstilling, og at desse eigenskapane kan identifiserast, skildrast og vurderast gjennom bruk av analytiske reiskapar.
Emnet legg vekt på det tette sambandet det er mellom kritisk og analytisk lesing, tenking og skriving, og på å utvikla vurderingsevne og sjølvstende i studiet.
Dette emnet er ein obligatorisk del av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon. Emnet er knytta opp mot musikkhistorie (MUG117 Musikkhistorie klassisk og MUG118 Musikkhistorie jazz), slik at lærdomen frå emnet ligg til grunn for rettleiing og vurdering i oppgåveskriving.
Det vert undervise i MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon i byrjinga av haustsemesteret.
Seminar med tre arbeidssamlingar, kvar på tre timar ¿ totalt ni timar.
To oppgåveutkast.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. For å ha rett til å levera eksamensarbeid i Akademisk skriving, må dei to obligatoriske utkasta som studenten skriv vere godkjende av gruppelæraren.
Eksamensarbeidet er ein sjølvstendig tekst som studenten skal skrive, der han dokumenterer at han både har tilfredsstillande kunnskap og analyseevne, og at han kan formulere si eiga innsikt og analyse i sin eigen akademiske tekst.
Eksamensarbeidet skal leverast som elektronisk dokument innan ein frist som blir fastsett før studiestart. Format og leveringsprosedyre blir likeeins kunngjort for kvart kurs.
Intern sensur med minst to sensorar.