Emnet skal gje studentane viktige teoretiske reiskapar til seinare bruk, både i studia og i yrkesliv. Emnet tek utgangspunkt i at akademiske tekstar alle har visse eigenskapar felles, som til dømes dokumentasjon, argumentasjon og sakleg framstilling, og at desse eigenskapane kan identifiserast, skildrast og vurderast gjennom bruk av analytiske reiskapar.
Emnet legg vekt på det tette sambandet det er mellom kritisk og analytisk lesing, tenking og skriving, og på å utvikla vurderingsevne og sjølvstende i studiet.
Dette emnet er ein obligatorisk del av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon. Emnet er knytta opp mot musikkhistorie (MUG117 Musikkhistorie klassisk og MUG118 Musikkhistorie jazz), slik at lærdomen frå emnet ligg til grunn for rettleiing og vurdering i oppgåveskriving.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* forstår korleis ein akademisk tekst er bygd opp
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan lese og analysere faglege tekstar
* kan identifisere den faglege problemstillinga eller emnet som teksten tek opp
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan analysere dei mest sentrale argumenta i ein tekst
* kan skrive ein sjølvstendig tekst som viser at måla for emnet er nådd.
* har grunnleggjande kunnskap om kjeldebruk og referansar.
Det vert undervise i MUG119 akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon i haustsemesteret.
Seminar med arbeidssamlingar.
To oppgåveutkast.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- semesteroppgåve
Intern sensur med minst to sensorar.
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50