Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:
* stilistisk differensiert interpretasjonsevne
* teknisk og musikalsk ferdigheit
* eit breitt repertoar
* personleg uttrykk og formidlingsevne
Emnet er sett saman av følgjande:
* eigenferdigheit
* innstuderings- og øvingsteknikk
* instrumentkjennskap/stemmefysiologi
* interpretasjons- og repertoarforståing
* kurs i musikkteknologi
* ensemblespel
* konsert- og formidlingspraksis
Eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.
Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skolar og stilepokar.
Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.
Spesielt for orgel:
Liturgisk spill:
Undervisning i grunnleggjande koral- og liturgispel med utgangspunkt i normalsatsane i gjeldande koralbøker og ordningar. Koralforspill, akkompagnement av bibelske salmar, modulasjon, transponering av koralar og liturgiske ledd og besifringsspel.
Orgelkunnskap:
Kurs med innføring i den klanglege oppbygginga, konstruksjonen og funksjonen til orgelet, og dessutan ei oversikt over dei viktigaste historiske orgeltypane og musikk skrive for desse. Det vert arbeidd med å setje opp disposisjonar for orgel av ulike storleikar. Det vert gjeve praktisk rettleiing i stemming av røyrstemmer og enkel feilretting.
Studenten i fullført emne
- har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing.
- veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.
- kjenner i grove trekk til repertoaret og tradisjonen knytta til hovudinstrumentet sitt.
Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.
Arbeidsfysiologiske emne vert gjeve som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.
*Delta på følgjande undervisning:
- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
* innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet
* kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan )
* Orgelstudentar:
Munnleg prøve i orgelkunnskap som omfattar teori og stemming/feilretting. Orgelprøva må takast i emnet MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller MUG141 Hovudinstrument klassisk 2.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Repertoarkrav:
Minst 45 minutt solorepertoar, eventuelt med akkompagnement.
-Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)
Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan
15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av
hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15.oktober).
Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret.
Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 15 minutt.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
Greidd/Ikkje greidd
Emnet erstatter MUG130 Hovudinstrument klassisk 1.
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no