Emner: MUG141 Hovedinstrument klassisk 2 - Høst 2014




Studiepoeng

25.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:

 

Emnet er sett saman av følgjande:

 

Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.

Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepoker.

Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.

 

SPESIELT FOR ORGEL:

Liturgisk improvisasjon:

Grunnleggjande improvisjasjonsøvingar I form av kandensar, sekvensar, imitasjonar o.l., samt generalbass, ekstemporalharmonisering og improvisasjon av koralforspel og følgesatsar.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller tilsvarande. Før eksamen i emnet skal MUG117 Musikkhistorie klassisk, MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, MUG107 Musikkteori I, og eitt av desse emna vere greidd: MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert, MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklassar og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

 

Repertoarkrav:

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

Vurderingsformer

Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret.

Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 30 minutt (kan innehalde repertoar frå MUG140 Hovudinstrument klassisk 1). Inntil 10 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar).

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG131 Hovudinstrument klassisk 2

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no