Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:
* stilistisk differensiert interpretasjonsevne
* teknisk og musikalsk ferdigheit
* eit breitt repertoar
* personleg uttrykk og formidlingsevne
Emnet er sett saman av følgjande:
* eigenferdigheit
* innstuderings- og øvingsteknikk
* instrumentkjennskap/stemmefysiologi
* interpretasjons- og repertoarforståing
* improvisasjonskurs
* ensemblespel
* konsert- og formidlingspraksis
Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.
Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.
Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepoker.
Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.
Spesielt for orgel:
Liturgisk improvisasjon:
Grunnleggjande improvisjasjonsøvingar I form av kandensar, sekvensar, imitasjonar o.l., samt generalbass, ekstemporalharmonisering og improvisasjon av koralforspel og følgesatsar.
Studenten i fullført emne
- har god grunnleggjande instrumental-/vokalteknisk ferdigheit.
- har god kunnskap om ulike teknikkar for øving og førebuing.
- kan med rettleiing førebu konsertmedverking og gjennomføre med eit kunstnarleg tydeleg resultat.
- har utvikla god kunnskap om ein brei del av repertoaret knytt til hovudinstrumentet sitt.
Greidd eksamen i emnet MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller tilsvarande, og eitt av desse emna: MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert, MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver.Før eksamen i emnet skal MUG117 Musikkhistorie klassisk, MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon og MUG107 Musikkteori I vere greidd.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklassar og ulike ensembleaktivitetar.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.
*Delta på følgjande undervisning:
- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar ( jf. eigen semesterplan )
* kurs i improvisasjon
* minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Repertoarkrav:
- minst 90 min. solorepertoar (inkl. 45 min. frå MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller tilsvarande),
eventuelt med akkompagnement
- Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)
- Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan
15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15. oktober).
Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret.
Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 30 minutt (kan innehalde repertoar frå MUG140 Hovudinstrument klassisk 1). Inntil 10 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar).
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
Bokstavkarakter frå A til F.
Emnet erstatter MUG131 Hovudinstrument klassisk 2
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no