Emner: MUG144 Hoveddisiplin komposisjon 1 - Vår 2014




Studiepoeng

25.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet vil gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.
Emnet byggjer på dei musikkorienterande faga og vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen.
Studenten vil øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.
Studenten skal ved eksamen i MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 ha skaffa seg ei breiddeoversikt over komposisjonsfaget og ha mottatt ei systematisk oppfølging av si musikkskaping og gjennom det byrja bevisstgjeringa om mulige personlege formspråk.

MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1 er eit innføringsemne i moderne kunstmusikalsk musikkskaping som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar. Emnet skal utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk. Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.


Utover dette vert det undervist i
- kurs i musikkteknologi

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing.
- har ei breiddeoversikt over komposisjonsfaget.
- er seg medviten eit mogleg personleg formspråk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fokuserer på:
- Komposisjon som kreativ prosess
- Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon
- Verkanalysar og repertoarforståing
- Estetiske problemstillingar
- Konsert- og formidlingspraksis
- Ev. støtteinstrument

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg.
Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Komposisjon som kreativ prosess:
Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing,
i prosjekt og i seminar.

Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon:
Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid vert det gjeven innføring i
grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder
til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet.

Verkanalysar og repertoarforståing:
Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform.
I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale
verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum skal
utformast i samråd med faglærar.

Estetiske problemstillingar:
Komponentane ovanfor skal også granskast nærare som konkrete døme på
sentrale problemstillingar kring viktige omgrep som til dømes rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum.
Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen

Konsert- og formidlingspraksis:

Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av
eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og
at arbeid og resultat vert spelt inn. I tillegg kan studenten få oppgåver i obligatoriske
prosjekt i regi av instituttet.

Ev. støtteinstrument:
Studentar utan tidlegare instrumentalutdanning på høgre nivå kan etter individuell vurdering verte tilbydd undervisning på relevant støtteinstrument, ut frå behov. Ei oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennast av faglærar før framstilling til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

*Delta på følgjande undervisning:

- Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum to komposisjonar som
dannar grunnlag for mappevurdering.

- Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne)

- Fellesforum

- Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan)

- Prosjektveker
* Innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet
* Kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan).
* Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homo- og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle sjølvstendige komposisjoner skal i prinsippet være tilgjengelege som partitur og lydfesting før framstilling til eksamen.
* Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.
* Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret.
Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal innehalde minimum 2 - to komposisjonar/arbeidsprøver/etydar, min. 5 min. skrivne under studiet med rettleiing. Partitur skal følgjast av lydfesting.
Intern sensur med minst ein sensor.
Innhaldet i mappa vert vurdert samla og får ein samla karakter.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG134 Hovuddisiplin komposisjon 1

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no