Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal utvikle studentane sine evne til å spele enkle notebaserte satsar på klaver. Emnet skal vere eit støttefag for teoriemner, ensembleleiing og eige hovedinstrument.
Studenten i fullført emne
- har grunnleggjande ferdigheit i klaverspel
- evner å lese eit enkelt notebilde og formidle det på tastaturet
- kan framføre eit utvalg koralar og enkle klaverstykker
Ingen
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Individuell undervisning eller undervisning i smågrupper der det er formålstenleg.
Minimum 10 minuttar repertoar
- Delta på undervisning
- Innstudere minimum 10 minuttar repertoar
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Mappeevaluering: 3 framføringar i løpet av året.
Intern sensur med minst ein sensor.
Greidd/Ikkje greidd
Emnet erstatter delvis MUG130 Hovudinstrument klassisk 1 og MUG134 Hovuddisiplin komposisjon 1.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no