Emner: MUG160 Utøvende støttedisiplin, ensembleledelse - Høst 2014
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Undervisningsspråk
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Mål og innhald
Emnet skal gje studenten grunnleggjande ferdigheiter i dirigering av ensemble, leiing av ensembleprøver, og forståing av samspelet mellom partitur og dirigering.
Læringsutbyte
Studentar som har fullført emnet- kjenner til prinsipp for ulike taktfigurar
- har grunnleggjande forståing for nonverbal kommunikasjon i ensembleleiing
- kan leie innstuderinga av eit musikkstykke i vokal- eller instrumentalensemble
- kjenner til sentrale verk innan vokal- og instrumentalensembler der desse tener som eksempel på viktige problemstillingar knytt til emnet ensembleleiing.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Fellesundervisning. Studenten skal delta aktivt i undervisninga som dirigent og songar/instrumentalist i ensemblet.
Det vert arbeid med både utdrag frå og heile musikkverk. Til saman utgjer repertoaret om lag 25 min.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på fellesundervisning.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Vurderingsformer
Mappevurdering: Tre vurderingssituasjonar i løpet av undervisningsperioden, der det skal inngå både innstudering og konsertant ensembleleiing.
Innhaldet i mappa vektas likt.
Intern sensur med minst ein sensor.
Karakterskala
Greidd/Ikkje greidd
Fagleg overlapp
Emnet ovarlappar MUG131 Hovudinstrument klassisk 2, MUG133 Hovudinstrument jazz 2 og MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2 med 5 studiepoeng.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no
Institutt