Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten grunnleggjande ferdigheiter i dirigering av ensemble, leiing av ensembleprøver, og forståing av samspelet mellom partitur og dirigering.
Innhald:
I studiet inngår praktisk øving i dirigering foran ensemble, og som teknisk retta øving utan ensemble.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* kjenner til dei ulike taktfigurane
* kjenner nokre utvalde verk for aktuelle vokal- og instrumentalensemble
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan leie innstuderinga og framføringa av eit musikkstykke i vokal- eller instrumentalensemble
Generell kompetanse
Studenten ..
* har grunnleggjande forståing for verbal og nonverbal kommunikasjon i eit ensemble.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
Fellesundervisning. Studenten skal delta aktivt i undervisninga som dirigent og songar/instrumentalist i ensemblet.
Det vert arbeid med både utdrag frå og heile musikkverk. Til saman utgjer repertoaret om lag 25 minutt.
Delta på fellesundervisning.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Mappevurdering: Tre vurderingssituasjonar i løpet av undervisningsperioden, der det skal inngå både innstudering og konsertant ensembleleiing.
Innhaldet i mappa vert vekta likt.
Intern sensur med minst ein sensor.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50