Emner: MUTP102 Musikkterapeutisk bruksmusikk - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Undervisningssemester

Haust (3. semester i normalprogresjonen). Emnet undervises i tillegg våren 2012.

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet gjev ein praktisk og teoretisk innføring i musikkterapeutisk bruksmusikk, altså musikk og musiseringsformer som kan fungere sosialt i brukssituasjonar som er aktuelle i musikkterapien. Undervisning i emnet gjev eit fundament knytt til musikk, gjennom forståing av grunnleggjande musikkteori og oppøving av praktisk musikkdugleik.

Emnet inneheld komponentane: Høyrelære/satslære, Bruksinstrument, Seminar i afrikansk musikk, Vekeskurs i norsk folkemusikk og deltaking på klassiske Korprosjekt ved Griegakademiet. Kursa, særleg dei to første, skal sjåast i samanheng med andre musikkfaglege og metodiske emne i musikkterapistudiet, og med praksis.

Høyrelære/satslære

Innhaldskomponentar i kurset i høyrelære/satslære er: kunnskap om toneartar, skalaer og harmonikk, transkripsjon av melodi, rytme og harmonisk skjema i enkeltlåtar (såkalla "plukking" av låtar), og arrangering for to, tre og fire stemmer, i relevante genre. Kurset blir undervist i grupper på maksimum åtte studentar.

Bruksinstrument

Bruksinstrument skal vere eit aktuelt akkompagnementsinstrument, vanlegvis piano eller gitar. Studentar som beherskar begge desse instrumenta godt kan i samråd med studiet velje anna instrument, der trekkspel, slagverk og song vil vere aktuelle alternativ. Studenten bør utvikle dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. I den grad det er rom for det, kan ein også arbeide med improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg (sjå også emneplanane for MUTP302 og MUTP303). Kurset blir undervist i par.

Seminar i afrikansk musikk

Kurset omfattar eit seminar i afrikansk perkusjon og/eller dans.

Vekeskurs i norsk folkemusikk

Studentane får ei innføring i norsk folkemusikktradisjon ved å følgje vekeskurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

Korprosjekt ved Griegakademiet

Studentane får røynsle med musikkutøving i klassisk tradisjon gjennom deltaking på Griegakademiet sine korprosjekt i samarbeid med aktuelle orkester.

Læringsmål

Etter fullført kurs er det forventa at studentane har tilegna seg grunnleggjande teoretisk og praktisk dugleik i musikk, slik at dei kan nyttiggjere seg undervisninga på andre musikkrelaterte emne i studiet, kan delta musikalsk i praksisundervisninga på studiet og kvalifisere seg til å engasjere menneske i helsefremjande musikalsk praksis.

Læringsutbyte

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar inkluderer teoretisk og praktisk dugleik i musikk minimum tilsvarande godt avgangsnivå for musikklinje på vidaregåande skule. Praktisk dugleik i musikk må omfatte hovudinstrumentdugleik og bruksmusikkompetanse på eit akkompagnementsinstrument. Breidde i høve til (bi)instrument og sjangerkunnskap er ein fordel.

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga inkluderer førelesingar, gruppeoppgåver og aktiv musisering. Arbeid med emnet krev aktiv eigeninnsats av studenten i form av øving, bruksmusikkarrangering osb.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar: Kurs i bruksinstrument (blir undervist i par), Kurs i høyrelære/satslære, Kurs i afrikansk perkusjon og/eller dans, Vekeskurs i norsk folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet og Deltaking i korprosjekt ved Griegakademiet. Det blir gitt munnlege og skriftlege oppgåver undervegs i semesteret. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar dugleiksprøve på aktuelt bruksinstrument, der studenten dokumenterer tilfredsstillande musikalsk framgang, tilfredsstillande musikkteoretisk forståing, og dugleik som ville kunne fungere i ein musikkterapeutisk arbeidssituasjon.

Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.

Karakterskala

Litteraturliste

Pensum er på ca. 200 sider. Eiga pensumliste blir utarbeidd. I tillegg kjem aktuelt notemateriale og sjangerinformasjon.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Kontaktinformasjon