Emner: MUTP201 Musikkterapi i pedagogiske kontekster - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester i normalprogresjonen).

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi i pedagogiske og spesialpedagogiske samanhengar og inneheld tre hovudkomponentar: Musikkterapeutisk teori og metode i pedagogiske kontekstar, Praktisk-metodiske arbeidsmåtar og Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe. Praksis inngår i emnet.

Musikkterapeutisk teori og metode i pedagogiske kontekstar

Kurset gjev eit oversyn over pedagogiske kontekstar der musikkterapeutar arbeider og dei lover og retningslinjer som regulerer dette arbeidet. Kurset gjev vidare ei innføring i musikkterapeutisk teori og forsking på det pedagogiske feltet. Nokre av dei tema som det blir lagt særleg vekt på er: Individorienterte versus miljøorienterte tilnærmingar (inklusivt drøfting av sentrale omgrep som normalitet, avvik, læring og utvikling) og forholdet mellom musikkterapi, musikkpedagogikk, spesialpedagogikk og sosialpedagogikk (inklusivt drøfting av omgrepet "tilpassa opplæring").

Praktisk-metodiske arbeidsmåtar

Ulike praktisk-metodiske tradisjonar og tilnærmingar blir gjennomgått, med hovudvekt på norsk musikkterapipraksis på dette feltet, inklusivt impulsane frå Nordoff-Robbins-tradisjonen. Behov til nokre sentrale målgrupper som barn og unge med ADHD, sosiale og emosjonelle vanskar, generelle og spesifikke lærevanskar, utviklingsforsinking og utviklingshemming og vanskar innan autismespekteret blir gjennomgått. Klassemiljøproblematikk og andre sosiale prosessar blir også tematisert. Studentane skal lære grunnleggjande dugleik i høve til dei ulike fasar i den musikkterapeutiske arbeidsprosessen: Observasjon, Planlegging og målformulering, Gjennomføring, Evaluering og Grunngjeving og formidling. Av praktiske aktivitetsformer blir det særleg lagt vekt på songar og rammeaktivitetar, lydleikar og improvisasjon og musikk, dans og rørsle.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Målet med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei gryande forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser, og å vere sentrert i kontakt med andre menneske.

Læringsmål

Etter fullført kurs blir det forventa at studentane har kunnskap om ulike målgrupper, målsetjingar, modellar og arbeidsmåtar innan pedagogisk musikkterapi. Dei skal også ha tileigna seg eit eige praktisk-metodisk repertoar og forståing av kva det vil seie å arbeide i og med musikkterapeutiske prosessar i pedagogiske kontekstar.

Læringsutbyte

Krav til forkunnskapar

Opptak på det integrerte masterprogrammet og fullført MUTP101 / Innføring i musikkterapi, med unntak for studentar med individuelt tilpassa studieplanar, sjå "Krav til progresjon" i den generelle delen av planen.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i pedagogisk musikkterapi. Seminara i Relasjons- og kommunikasjonserfaring fokuserer på deltaking, eigenerfaring og refleksjon i gruppa.

Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar Musikkterapeutisk teori og metode i pedagogiske kontekstar, Praktisk-metodiske arbeidsmåtar, Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe og Praksis. Det blir gitt munnlege og skriftlege oppgåver undervegs i semesteret. Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Mappeeksamen basert på kortare skriftlege arbeid gjennom semesteret. Den innleverte mappa skal innehalde 3 tekstar, kvar på ca. 1500 ord, med linjeavstand halvannan, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Når to eller fleire studentar skriv oppgåve i saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar. Oppgåvene i mappa skal som hovudregel ta utgangspunkt i tema og problemstillingar knytt til praksis.

Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.

Karakterskala

Litteraturliste

Pensum er på ca. 750 s. I tillegg kjem metodisk materiale som studenten konsulterer og tileignar seg eit nærare bestemt utval i frå og samlar i ei arbeidsbok.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Kontaktinformasjon