Emner: MUTP202 Samfunnsmusikkterapi - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Undervisningssemester

Vår (6. semseter normalprogresjonen). Emnet undervises i tillegg høsten 2011.

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet gjev ein introduksjon til musikkterapi i eit økologisk og samfunnsorientert perspektiv og inneheld tre hovudkomponentar: Samfunnsmusikkterapeutisk teori og metode, Praktisk-metodiske arbeidsmåtar og Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe. Praksis inngår i emnet.

Samfunnsmusikkterapeutisk teori og metode

Kurset gjev eit oversyn over dei kontekstorienterte og økologiske perspektiv som pregar samfunnsmusikkterapien og over sentral forsking på feltet. Teoretisk omfattar dette tema som person i kontekst, deltaking, sosiale nettverk og sosial kapital, musikk- og helseomgrep i sosiokulturelt perspektiv og førebyggjande og helsefremmande arbeid gjennom musikk. Definisjonar av samfunnsmusikkterapi, ulike teoretiske perspektiv og døme på prosjekt frå ulike sosiale og kulturelle kontekstar blir også gjennomgått. Andre sentrale tema er brukarmedverknad, sjølvforvaltning og inkludering.

Praktisk-metodiske arbeidsmåtar

Kurset gjev ein introduksjon til sentrale arbeidsmåtar som har vist seg relevante i samfunnsmusikkterapien. Dette omfattar alt frå opne miljøtiltak til ulike integreringsprosjekt i eit lokalmiljø. Følgjande aktivitetsformer vil særleg bli vektlagde: opne og improvisasjonsorienterte musikkgrupper, samspel i band, korarbeid, musikkspel og revy, musikkafé, framføring og konsertverksemd. Ved sidan av det konkrete musikkarbeidet, vil det også bli fokusert på indirekte og systemorientert arbeid, t.d. i høve til organisasjonar, lokalsamfunn, kultur, politikk og økonomi.

Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe

Målet med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kommunikativ kompetanse for arbeid med menneske, å utvikle studentane si evne til å registrere og beskrive sosialt samspel og å utvikle ei betre forståing av kva som ligg i terapeutisk identitet og rolle. Kurset omfattar m.a. kontakt- og samarbeidsøvingar og grunntrening i å vere nærverande, å merke eigne og andre sine grenser, og å vere sentrert i kontakt med andre menneske. Kurset byggjer vidare på tilsvarande kurs på MUTP201.

Læringsmål

Etter fullført kurs blir det forventa at studentane har god kunnskap om samfunnsmusikkterapeutisk teori og praksis. Studentane skal utvikle forståing for musikken sin funksjon i samfunnet og ei konstruktiv og etisk haldning til bruk av musikk som helsefremmande virkemiddel. Ei forståing av korleis musikkarbeidet kan inngå i kulturelle og sosiale nettverk som støttar opp om brukarmedverknad, sjølvforvaltning og inkludering er vektlagt.

Læringsutbyte

Krav til forkunnskapar

Opptak på det integrerte masterprogrammet og fullført MUTP101 / Innføring i musikkterapi, med unntak for studentar med individuelt tilpassa studieplanar, sjå "Krav til progresjon" i den generelle delen av planen.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer med tanke på integrasjon av teoretisk og praktisk-metodisk kunnskapsstoff, og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, diskusjonar og dessutan ei verkstadsform med fokus på å tileigne seg, prøve ut, få rettleiing på og vidareutvikle praktisk-metodisk dugleik i samfunnsmusikkterapi. Seminara i Relasjons- og kommunikasjonserfaring fokuserer på deltaking, eigenerfaring og refleksjon i gruppa.

Praksis blir vanlegvis konsentrert til ein prosjektperiode på 4 veker eit stykke ut i semesteret. Praksis kan skje både på dagtid, kveldstid og i helger, eller i samband med framføringar, prosjekt, osb. Praksis vil ha kontinuerlig rettleiing. Det skal skrivast ein kort praksisrapport.

Studentane har rett til rettleiing på semesteroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar Samfunnsmusikkterapeutisk teori og metode, Praktisk-metodiske arbeidsmåtar, Relasjons- og kommunikasjonserfaringsgruppe og Praksis. Det blir gitt munnlege og skriftlege oppgåver undervegs i semesteret. Ei praktisk-metodisk arbeidsbok skal utarbeidast. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er godkjende før oppmelding til eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt, med vurdering av ei eksamensførestilling (eller eit anna sosialt og musikalsk produkt) og eit foredrag. Eksamensførestillinga (eller alternative former som t.d. ei plateinnspeling eller ein filmproduksjon) er knytt til praksisprosjektet i emnet. Dette prosjektet skal munne ut i ei førestilling eller anna relevant produkt som blir evaluert som deleksamen i emnet. Andre delen av eksamen er eit foredrag, der kandidaten munnleg gjer greie for relevante aspekt av planlegging, gjennomføring og/eller evaluering av praksisprosjektet. Foredraget skal vere på ca. 30 minutt og skal leggje vekt på fagleg grunngjeving av aktuelle praksisval.

Intern sensur. Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.

Karakterskala

Litteraturliste

Pensum er på ca. 750 s. I tillegg kjem metodisk materiale som studenten tileignar seg eit nærare bestemt utval i frå og samlar i ei arbeidsbok.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Kontaktinformasjon