Emner: MUTP303 Musikkterapeutisk profesjonskunnskap - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

 

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret (9. semester i normalprogresjonen) og går over 2 semester.

Undervisningsstad

Mål og innhald

Kurset skal sikre at studenten kvalifiserer seg for god, profesjonell yrkesutøving. Til grunn for emnet ligg ei vid forståing av kunnskapsomgrep. Kunnskap omfattar erkjenning og innsikt basert på teori og forsking, men inkluderer også erfaring, dugleik og danning. Musikkterapeutisk profesjonskunnskap viser seg såleis i samhandling og relasjonar, ikkje berre i språk og tekst.

Emnet inneheld tre hovudkomponentar: Innføring i profesjonskunnskap, Musikkterapeutisk rollespel og Bruksinstrument.

Innføring i profesjonskunnskap

Kurset inneheld undervisning og gruppeoppgåver knytt til tema som: yrkesetikk, yrkesidentitet, yrkesrolle og samarbeid, formidling og rettleiing, jobbetablering, prosjektarbeid og innovasjon.

Musikkterapeutisk rollespel

Kurset gjev ei praktisk og teoretisk fordjuping knytt til musikkterapeutiske metodar og arbeidsformer med eit bredt spekter av målgrupper. Gjennom musikkterapeutisk rollespel skal studenten få høve til å prøve seg både som klient og terapeut og gjennom dette å utforske relasjonar og arbeidsformer.

Bruksinstrument

Kurset byggjer vidare på bruksinstrumentundervisninga i MUTP102 og MUTP302 og skal sjåast i samanheng med andre musikkfaglege og metodiske emne og med praksis. Bruksinstrument kan vere piano eller gitar (studentar som vel gitar skal arbeide både med akustisk og elektrisk gitar). Studentar som beherskar både piano og gitar kan i samråd med studiet velje anna instrument, der trekkspel, slagverk og song vil vere aktuelle alternativ. Studenten skal vidareutvikle sin dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. Det blir lagt vekt på å knyte dette opp til ulike tilnærmingar til Improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg.

Læringsmål

Gjennom arbeid med emnet skal studenten utvikle haldningar og kunnskapar som er nødvendige for profesjonelle yrkesutøving og for samarbeid med klientar og pårørande og med andre profesjonar.

Læringsutbyte

Krav til forkunnskapar

Opptak til 300-nivået av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir lagt opp med varierte undervisningsformer og vil inkludere førelesingar, gruppearbeid, rollespel, diskusjonar og bruksinstrumentundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar kurs i Musikkterapeutisk profesjonskunnskap, Musikkterapeutisk rollespel og Bruksinstrument. Det blir gitt munnlege og skriftlege oppgåver undervegs i semesteret. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar ein praktisk-munnleg eksamen på 45 minutt. Eksamenssituasjonen har to hovudkomponentar: a) Musikkterapeutisk rollespel med vekt på improvisasjon, b) Samtale der studenten reflekterer fagleg over rollespelet og prosessane i det. Det blir gjort ei heilskapleg vurdering av kandidaten.

Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar.

Karakterskala

Litteraturliste

Pensum er på ca. 600 s og omfattar hovudsakleg tema knytt til Innføring i profesjonskunnskap. Eiga pensumliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Kontaktinformasjon