Haust (7. semester i normalprogresjonen).
Emnet gjev ei fordjuping i musikkterapeutisk teori, med rom for refleksjon over grunnlagsproblem og metateoretiske problemstillingar. Det er tre hovudkomponentar i emnet: Musikkterapeutiske grunnlagsproblem, Musikkterapeutisk teoriutvikling og Artikkelseminar.
Musikkterapeutiske grunnlagsproblem
Kurset gjev ei kritisk introduksjon til musikkterapi i historisk og kulturell kontekst, med vekt på korleis teori og praksisformer har vore knytt til ulike musikk-, menneske- og kunnskapssyn. I eit systematisk perspektiv blir musikkterapiens relasjon til andre akademiske fag som medisin, psykologi, og kultur- og samfunnsfag diskutert, med særleg vekt på problemstillingar i spenningsfeltet mellom musikkterapi og musikkvitskap (biomusikkvitskap, musikkpsykologi, etnomusikologi, musikksosiologi, musikkestetikk).
Musikkterapeutisk teoriutvikling
Kurset tar opp teoriutvikling innan musikkterapien, med gjennomgang av sentrale musikkterapiteoriar, drøfting av ulike teoritypar, metodar for teoriutvikling, og strategiar for bruk av teori. Kurset inneheld også ein kritisk gjennomgang av nyare musikkterapeutisk teori og forsking.
Artikkelseminar
Arbeid med litteratur og skriveprosess av relevans for studentane sitt arbeid med artikkel eller essay (sjå Vurdering / Eksamensformer).
Læringsmål
Gjennom arbeid med emnet skal studenten utvikle a) forståing av musikkterapi som fag, diskurs, profesjon og praksis, b) forståing av korleis grunnleggjande røyndomssyn, kunnskapssyn, menneske- og musikksyn står i relasjon til musikkterapeutisk teori, forsking og praksis, og c) evne til kritisk refleksjon over musikkterapeutisk teori, forsking og praksis.
Lærarstyrt undervisning, samarbeid i gruppe og sjølvstendig skriftlege arbeid.
All undervisning er obligatorisk og omfattar Musikkterapeutiske grunnlagsproblem, Musikkterapeutisk teoriutvikling og Artikkelseminar (1 t per student). Det blir gitt munnlege og skriftlege oppgåver undervegs i semesteret. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.
Artikkel eller essay på 4000 ord; ca. 12 s med linjeavstand halvannan, margar 2,5 cm og Times New Roman 12 som skrifttype. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Når to eller fleire studentar skriv i saman, blir omfanget utvida med 2/3 for kvar ny medforfattar.
Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern. Vurderingsuttrykk: Bokstavkarakterar.
Pensum er på ca. 1000 s, derav 300 s sjølvvald pensum. Eiga pensumliste blir utarbeidd.
Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.