Norsk og/eller engelsk
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet gjev studenten fordjuping i og erfaring med samspel/komposisjon for eit ensemble. Gjennom praktisk utøving/komponering skal studenten:
Mot slutten av studieåret skal studenten utarbeide ei prosjektbeskriving som forklarar dei vurderingane og vala som vert gjort i prosjektet, eller ein programtekst.
Emnet Ensemblefordjuping/Kammermusikk I er ope for instrumentalistar og songarar som ønskjer å utvide samspelserfaringa si i eit fast ensemble. Emnet kan også, om tilhøva ligg til rette for det, veljast av studentar med komposisjon som hovuddisiplin. Studenten vil då, i samarbeid med dei utøvande studentgruppene, arbeide med komponering, innstudering og framføring av eigenkomponert musikk.
Emnet kvalifiserer for opptak til Ensemblefordjuping/Kammermusikk II.
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.
Studentar som ønskjer å ta emnet må skrive ei prosjektskisse. Prosjektskissa, som blir vurdert av faglærarar, skal innehalde opplysningar om:
Prosjektskissa og ensemblet kan reviderast/endrast fram til 15. sept. det studieåret emnet vert gjennomført.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Studenten skal, saman med dei andre medlemene i ensemblet, innstudere og framføre eit program på til saman minst 30 min. Ensemblet organiserer sine eigne innstuderingsprøvar, jf. prosjektskissa.
Det blir lagt stor vekt på individuell innsats og gruppearbeid.
Undervisning blir gitt gjennom grupperettleiing av det praktisk utøvande arbeidet og tekstarbeidet.
Grupperettleiing på eit utval av innstuderingsprøvane.
Rettleiing på tekstarbeid.
Tekstoppgåve (ca. 1500 ord) relatert til programmet og/eller prosessen i ensemblet. Oppgåva skal godkjennast av rettleiar.
Framføring med repertoar på minimum 15 minutter, normalt gjennomført i slutten av haustsemesteret.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Eksamen omfattar ei framføring med minimum 15 minutter repertoar i slutten av vårsemesteret. Komposisjonsstudentar skal leggje fram partitur i samband med eksamensframføringane. Framføringa må skje i ensemblet ein er teken opp til.
Intern sensur med minst to sensorar.
Greidd/Ikkje greidd
Emnet erstatter MUV212 Ensemblefordjuping/Kammermusikk I.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no