Emner: MUV220 Spesialinstrument - Vår 2011




Studiepoeng

15.0

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Emnet skal saman med hovudinstrument gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar.

Emnet skal utvikle utøvande ferdigheit, kunnskap og formidlingsevne på spesialinstrument, dvs. eit instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument, t.d. orkesterinstrument som kontrafagott, engelsk horn, bassklarinett, piccolo o.l. I tvilstilfelle skal programleiar avgjere kva instrument som kan studerast som spesialinstrument.

Det blir fokusert på:
- grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit
- instrumentkunnskap
- interpretasjon- og repertoarkunnskap knytt til relevante sjangrar og epokar.
- samspel

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår.

Greidd prøvespel med 10 min sjølvvalt repertoar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing.

Ensemblespel kan inngå der det er relevant.
Studenten bør ta del i fellesfora relatert til instrument/instrumentfamilie. Det inngår ingen særskild akkompagnatørressurs, men studenten kan eventuelt organisere dette sjølv med ein annan student, eller nytte hovudinstrumentakkompagnatøren etter avtale, og innanfor den totalramma som er gjeven.

Studenten fører repertoarliste.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Individuell rettleiing

- Minimum 2 framføringar i løpet av studieåret

Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Studenten skal innstudere minst 60 min repertoar i løpet av fageininga.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar ei vurdering av 2 framføringar i løpet av studieåret. Framføringane er gyldige i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt. Framføringane blir vurdert av minst to interne faglærarar.
Vurderingsuttrykk: Greidd/Ikkje greidd.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.