Emner: MUV221 Musikkformidling - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen og/eller Voss

Mål og innhald

Emnet fremjer forståing og sjølvstende i eit komande yrke som musikar. Studenten skal tileigne seg innsikt og erfaring i kva dei ulike publikumsgruppene krev av tilrettelegging, og kva rolle media speler i formidling av musikk. Gjennom arbeid med støtte- og finansieringsordningar, organisasjonsstruktur o.l. skal studenten lære å tilretteleggje, administrere og finansiere utøvande verksemd.
Musikkformidling skal gje studenten innsikt i dei mange moglegheitene som finst innanfor musikkformidlingsfeltet i norsk musikkliv. Emnet høver både for instrumentalistar, songarar og komponistar.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- har innsikt i norsk kulturforvaltning og finansieringsordningar.
- kan førebu og tilretteleggje for ein utøvande produksjon som t.d. konsert eller turné.
- forstår å setje saman eit musikalsk program for ulike produksjonstypar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir arbeidd med følgjande delar:

1) Musikk og samfunn:
- musikk og kulturlivet: organisering og ansvarsfordeling
- arbeidsmarknad
- støtte- og finansieringsordningar (lokalt, nasjonalt, internasjonalt)
- sponsoravtalar.

2) Musikk og media:
- annonsar og pressemeldingar
- kritikk
Innføring i musikk og media kan, om tilhøva ligg til rette for det, tilretteleggjast i samarbeid med andre relevante fagmiljø på UiB.

3) Musikkproduksjon:
- observasjon av ein produksjon (konsert, tilstelling o.l.) med etterfølgjande utforming av rapport.
- deltaking i tilrettelegging av større studentkonsert o.l., t.d. operaprosjekt.
- grunntrening i performance, sceneopptreden, regi, lyssetjing o.a. undervisninga kan, om tilhøva ligg til rette for det, samorganiserast med emnet MUV243 Musikkdramatikk.

- Prosjektarbeid som omfattar utforming, produksjon og framføring av konsertprogram for ei definert målgruppe (t.d. born i førskulealder, grunnskule (barnetrinn eller ungdomsskule), vidaregåande skule, aldersheim o.l.)
Aktuelle samarbeidspartnarar under pkt. 3 er Bergen Kulturskole og Rikskonsertane.

Det vert lagt stor vekt på gruppearbeid gjennom heile studiet. Under prosjektet i vårsemesteret skal studentane arbeide som ensemble med ein konsert/ ei tilstelling.
Dette omfattar også tilrettelegging (komponering og arrangering) av musikalsk materiale.



Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar, jf. punkt 1-2 ovanfor.
- Delta på rettleia gruppearbeid, jf. punkt 3 ovanfor.
Det er forventa at studentane tek eit vesentleg ansvar for å organisere prosjekta i emnet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Gruppeeksamen.

Eksamen skal gjennomførast som ein konsert med eit program tilpassa ei definert målgruppe.

Intern sensur med minst to sensorar.

.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no