Norsk og/eller engelsk
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal saman med hovudinstrument/-disiplin gje studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for kreativ, allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar.
Emnet MUV227 Bi-instrument A skal utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.
Emnet fokuserer på:
Eigne evner som utøvar:
Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og samspel.
Instrumentkunnskap/stemmefysiologi:
Studenten skal få kjennskap til konstruksjonen/fysiologien, verkemåten og historikken til instrumentet/stemma. Det vert vist til relevant litteratur.
Interpretasjons- og repertoarkunnskap:
Studenten skal arbeide med minst to relevante sjangrar og/eller stilartar.
Samspel:
Studenten bør vere med i ensemble (inkludert duo) med relevant repertoar.
Emnet vert tilbydd på
I tvilstilfelle skal programleiinga avgjere kva instrument som kan studerast som biinstrument.
Studenten i fullført emne
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.
Opptak skjer på grunnlag av opptaksprøve med 10 minuttes sjølvvalt repertoar. Dersom bi-instrument er relatert til hovedinstrument kan hoved- og / eller bi-instrumentlærer gjere ein faglig vurdering av nivå hos studenten utan opptaksprøve.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad.
Undervisninga vert gjeven gjennom individuell rettleiing.
Det inngår ingen akkompagnatørressurs i emnet.
Delta på undervisning (individuell rettleiing)
- studenten skal innstudere minst 30 min repertoar. I samråd med faglærar kan desse inkludere inntil 10 min ensemblespel. Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av faglærar.
- studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innen 15. april (ev. 15.oktober).
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Eksamen vert gjennomført som ei konsertframføring av eit repertoar på 10 - 15 min, der deler av programmet kan vere samspel.
Intern sensur med minst to sensorar.
Greidd/Ikkje greidd.
Emnet erstatter MUV220 Spesialinstrument og MUV2151 Biinstrument I.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no