Bachelor.
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle
* stilistisk differensiert interpretasjonsevne
* teknisk og musikalsk ferdigheit
* eit breitt repertoar
* personleg uttrykk og formidlingsevne
Emnet er sett saman av følgjande:
-eigenferdigheit
-innstuderings- og øvingsteknikk
-instrumentkjennskap/stemmefysiologi
-interpretasjons- og repertoarforståing
-ensemblespel
-konsert- og formidlingspraksis
Utvikling av eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metoder for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepokar. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal óg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.
Greidd eksamen i emnet MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert følgt.
- Delta på følgjande undervisning:
- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
- minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar
Repertoarkrav:
- minst 45 min. solorepertoar, eventuelt med akkompagnement
- Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)
Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innen 15. april (ev. 15.oktober).
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 20 - 25 minutt. Deler av eksamen kan vere kammermusikk. Ved eksamen skal studenten også ha munnleg tilbakemelding om korleis sensorane vurderer framføringa.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no