Emnet fokuserer på:
- komposisjon som kreativ prosess
- komposisjonsteknikkar og instrumentasjon
- verkanalysar og repertoarkunnskap
- estetiske problemstillingar
- konsert- og formidlingspraksis
Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å tilretteleggje ein individuell arbeidsplan. i tråd med studieplanen.
Opplegget og innholdet i dette emnet er sterkt knytta til MUV234 /Hoveddisiplin komposisjon 3. Den individuelle progresjonsplanen for dette emnet vil derfor sjå begge emna under eitt.
Komposisjon som kreativ prosess:
Gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar arbeidar studenten med definerte oppgåver og med eigne verk. Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.
Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon:
Gjennom individuelle timar, seminar og eigen innsats skal studenten arbeide vidare med utvalde satsteknikkar og instrumentasjonspraksis frå eldre og nyare tid som er nyttige i høve til eigen utvikling som komponist.
Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet. Ei oversikt over gjennomførte
arbeid og øvingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen
Verkanalysar og repertoarkunnskap:
Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform.
I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar i høve til eige arbeid, gjennom lytting og/eller partiturlesing. Eit slikt individualpensum blir utforma i samråd med faglærar. Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar). Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.
Estetiske problemstillingar:
Komponentane ovanfor skal også granskast nærare som konkrete døme på
sentrale problemstillingar kring viktige omgrep som til dømes rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.I samband med dette skal det i samråd med faglærar bli lagt opp eit individualpensum. Individualpensumet skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande seminar.
Konsert og formidlingspraksis:
Det er forventa at studenten på eige initiativ arbeider praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar ved og/eller utanfor instituttet, der arbeid og resultat blir spelt inn. I tillegg vil studenten bli aktivisert i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet. Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne verte dokumentert før framstilling til avsluttande eksamen.
- Delta på følgjande undervisning:
- Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som
dannar grunnlag for mappevurdering.
- Prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- seminar for mindre gruppeeiningar (t.d. studentar på same studietrinn eller same fordjupingsemne)
- fellesforum
- meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan)
- verkframføring og medverknad i interne og/eller offentlege konsertar
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Eksamen vert gjennomført som mappevurdering.
Mappa skal omfatte minimum 3 - tre ulike komposisjonar og øvingar for ulike besetningar, med minimum samla speletid på 20 minutt, avhengig av verkkompleksitet og stil, skrive under studiet, med rettleiing. Partitur skal normalt vere framført før eksamen, og vere dokument av medfølgjande lydfestingar.
Elektroakustisk musikk skal dokumenterast som lydfesting, saman med høveleg dokumentasjon av produksjonsfasen (datautskrifter, programkode, datafiler, video osb.).
I særskilde høve kan studenten få dispensasjon frå kravet om lydfesting.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.
Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no