Emner: MUV242 Barokkmusikkens historie og idégrunnlag - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Studenten skal få kjennskap til sentrale teoriar og diskusjonar knytta til mimesis, retorikk, affektlære, polyfon og homofon komposisjon, opera, nasjonale stilar (italiensk, fransk, engelsk, blanda stil) for perioden (1600-1770). Barokken som avgrensa idéhistorisk epoke vert problematisert.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne

- kan gjere greie for dei viktigaste stildannande trekka for barokken som epoke.

- kjenner inngåande eit utval av musikk for perioden.

- kan reflektere over samanhengen mellom idear/teoriar og deira innverking på musikken i perioden.

Krav til forkunnskapar

Emnet MUG117 Musikkhistorie klassisk må vere gjennomført. Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Krav til studierett

Ingen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I førelesingar og oppgåveseminar vert det undervist i dei sentrale stiltrekka for barokken som stil- og idéepoke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Førelesingar

- Oppgåveseminar

- Oppgåverettleiing

 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering av to innleverte arbeid. Kvart arbeid skal ha eit omfang på ca. 10 sider. Begge må vere greidd. Studenten vel sjølv ut eit arbeid som grunnlag for eksamensvurdering.

Eit av arbeida kan inngå i et gruppearbeid med 2-4 deltakarar.

Dette arbeidet kan ikkje vere grunnlag for eksamensvurdering.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Litteraturliste

Det vert lagt opp til eit lesepensum på ca. 1000 sider og eit lyttepensum på ca. 140 min.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no