Emner: MUV243 Musikkdramatikk - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal gjennom prosjekt og arbeid med scenisk grunntrening, regi og instruksjon tileigne seg innsikt i musikkdramatikk og dei ulike elementa knytt til musikkteaterproduksjon.

Emnet høver for studentar med song som hovuddisiplin, og som ønskjer å fordjupe seg i musikkdramatikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner dei sentrale scenografiske og teatertekniske verkemidla som er i bruk i musikkdramatisk produksjon

* forstår korleis dei ulike musikkdramatiske sjangrane er bygd opp

 

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan koble eiga vokalutøving med scenisk instruksjon

Generell kompetanse

Studenten ..

*har eit omgrepsapparat for korleis instruksjon og regi vert formidla i eit ensemble.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan også studentar med song som biinstrument få opptak.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

 

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet skal gje studenten kunnskap og erfaringar med:

- kroppen som uttrykksmiddel

- form og innhald i musikkdramatiske verk

- scenografiske og teatertekniske verkemiddel

- scenisk grunntrening

- regi

Emnet vil delvis verte samorganiserast med andre vokalstudium ved instituttet. Undervisninga omfattar fellesførelesingar og prosjektarbeid, og blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan. Det blir lagt stor vekt på gruppearbeid. I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand.

Prosjektarbeid omfattar:

- Deltaking i scenisk produksjon med profesjonell instruktør.

- Praksis i eksternt musikkteaterprosjekt, godkjent av instituttet. Det kan vere på profesjonelt/semiprofesjonelt nivå. Det kan også vere i samarbeid med frivillig musikkliv/kulturskular, grunnskular eller annan utdanningsinstitusjon. Praksisarbeidet kan utførast som songar/skodespelar eller som produsent, inspisient, scenearbeidar eller av ein annan teaterteknisk medarbeidar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- rettleia prosjektarbeid i gruppe.

- prosjektarbeid

 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. . Dette gjeld for heile gruppa samla.

Vurderingsformer

Eksamen er scenisk framføring av prosjektarbeid.

Intern sensur med minst to sensorar.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt