Emner: MUV244 Samtidsmusikk - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på sentrale aspekt innan kunstmusikk frå ca. 1950 og fram til i dag, innanfor komposisjon, improvisasjon, utøving og interpretasjon.

 

Emnet tek utgangspunkt i musikk frå vår eiga nære fortid og fram til vår eiga tid. Emnet høver godt for utøvarar både innan klassisk og jazz, og komponistar som ønskjer ein introduksjon til dei musikalske uttrykksformene i samtida.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

- er kjend med ulike notasjonsmåtar innan samtidsrepertoaret.

- kjenner til eit breitt utval teknikkar innanfor hovudinstrumentet.

- har metodar for å anvende og innstudere dei mest sentrale teknikkane innanfor hovudinstrumentet.

- har eit oversyn over samtidsmusikkhistoria i form av kjennskap til verk og musikkfilosofi.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt et tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet omfattar:

- ulike former for notasjon

- sceniske verkemiddel

- eksperimentelle teknikkar og særskilde effektar for ulike instrument

- bruk av lydfesta materiale

- elektroniske verkemiddel

- intonering og mikrointervallar

 

Studenten innstuderer to kontrasterande verk som blir framført på konsert og eksamen. Det eine verket skal også presenterast munnleg, og det andre skal omtalast i ein programtekst (1-2 sider).

Gjennom eit eige lytterepertoar skal studenten få kjennskap til og oversyn over sentrale samtidsverk. Det blir også arbeidd med «intuitiv musisering», dvs. eksperimentering med grunnleggjande element (tonar, rytme, dynamikk og klangfarge) og former i musikken.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- førelesingar

- gruppearbeid

- ensembleprøvar

- minst ei konsertframføring, normalt gjennomført i haustsemesteret

- godkjent liste over lytterepertoar som inneheld 20-25 verk med relevans for studenten sitt hovudinstrument.

 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. .

Vurderingsformer

Eksamen er ei konsertframføring av minst eitt verk, normalt gjennomført i vårsemesteret.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

 Greidd/Ikkje greidd.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV218 Samtidsmusikk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt