Emnet byggjer på gjennomført MUV243 Musikkdramatikk. Emnet skal gje studentane større operarepertoar, og gjennom operaprosjekter, scenisk grunntrening, regi og instruksjon skal studentane få større innsikt i musikkdramatikk og ulike element knytt til musikkteaterproduksjon.
Emnet skal gje studenten kunnskap og erfaringar med:
- kroppen som uttrykksmiddel
- form og innhald i musikkdramatiske produksjonar
- scenografiske og teatertekniske verkemiddel
- scenisk grunntrening
- regi
Studentar som har gjennomført emnet
- har grunnleggande scenisk og musikalsk skolering innan operafaget gjennom musikkfag, scenefag, rollestudium og scenisk produksjon
- er førebudde for audition for sceniske produksjonar/vidare operastudiar.
Gjennomført MUV 243 Musikkdramatikk.
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan også studentar med song som bidisiplin få opptak.
Emnet består av undervisning leia av lærar og dels av sjølvstendige studiar. Emnet legg stor vekt på gruppearbeid, og evne til å kunne fungere i ensemble så vel som evne til sjølvstende.
Undervisninga består av gruppeundervisning og prosjektbasert undervisning, men kan også gå føre seg som individuell undervisning.
Prosjektarbeid omfattar:
Emnet vil delvis gå saman med andre vokalstudium ved instituttet, og undervisninga kan også vere open for andre songstudentar. Undervisninga samordnas med MUV243 Musikkdramatikk, og studentane på dei to emna arbeider saman i ein scenisk produksjon.
Undervisninga blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan.
I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand.
- Fellestimar/gruppeundervisning
- Rettleia prosjektarbeid i gruppe
- Innstudering av ei hovudrolle (studenten vel rolla i samarbeid med hovudrettleiar i song) i rollestudium med scenisk framføring av minimum ei scene beståande av recitativ, arier og ensemble, minimum 15 min.
- Skriftleg beskriving (ca 1500 ord) av prosjektet inkl. personlige kunstnariske val knytt til rolletolking og scenisk produksjon. Oppgåva skal godkjennas av emneansvarleg.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderinga består av to deler:
Dei to delane vekas likt.
Intern sensur med minst to sensorar.