Emner: MUV246 Tidlig musikk, ensemble I - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev grunnlag for interpretasjon innan historisk orientert framføringspraksis, utan at bruk av periodeinstrument er naudsynt. For studentar med klaver som instrument er det naturlig at emnet gir ein introduksjon i historiske tasteinstrument.

MUV246 Tidleg musikk, ensemble I gjev innføring i repertoar frå renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert gjennom framføring, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten velger sitt / sine fagområde for fordjuping.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- kjenner dei generelle stilistiske trekkja i høvet mellom eige instrument og repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan søkje og finne kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytta til repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan anvende tilegna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjuper seg i.

Krav til forkunnskapar

Emnet kan søkjast av studentar med hovudinstrument innanfor det som er relevant for stilen ein veljer som fordjupingsområde.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.

Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiet omfattar eiga øving, lesing av relevant litteratur, deltaking i førelesingar og fellestimar, ensembleprosjekt.

Førelesingane gjev ein introduksjon til interpretasjonshistorikk og stilforståing. Herunder ligg meir stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc.

I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering og framføringar.
Ensembleundervisning/prosjektprøvar vert arrangert etter avtale.
Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøvar. Det er forventa at studentane arbeider sjølvstendig gjennom eiga øving. Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 30 min.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- fellestimar
- ensembleprøvar
- konsertar

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Tre eksamensdelar, alle må vere greidd. Vurderinga tek utgangspunkt i tre konsertframføringar gjennomført i løpet av undervisningsperioden. Konsertframføringane vert vurderte på grunnlag av dei enkelte framføringane og samla med blikk på utviklinga. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV222 Tidleg musikk, ensemble I.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt