Norsk og/eller engelsk.
Undervisninga startar i haustsemesteret, og går over to semester.
Bergen
Emnet skal gje grunnlag for interpretasjon innan historisk orientert framføringspraksis basert på utøving på periodeinstrument.
MUV247 Tidleg musikk, ensemble II byggjer på MUV246 Tidleg musikk, ensemble I, og gjev fordjuping i repertoar frå renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert, gjennom framføring, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten velger sitt/sine fagområde for fordjuping.
Studentar som har gjennomført emnet
- er godt inne i dei stilistiske trekkja i høvet mellom eige instrument og repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- er kjend med sentralt kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytta til repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan anvende tilegna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan utøve på eit eller fleire periodeinstrument.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Det vert arbeidd med eiga øving, litteratur (sjå eiga litteraturliste) og lytterepertoar (sjå eiga liste), førelesingar, fellestimar, ensembleprosjekt og fordjupingsoppgåve (30 min konsertføredrag).
Det vert undervist i stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc. I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering, framføringar og konsertføredrag (fordjupingsoppgåve).
I seminar eller i form av individuell rettleiing vert det arbeidd med innstuderingssleiing, vurdering og bruk av kjeldemateriale og presentasjon/tilretteleggjing av oppgåvearbeid.
Ensembleundervisning/prosjektprøvar vert arrangert etter avtale.
Fordjupingsoppgåva er knytt til studentane sitt hovudinstrument og historikken/repertoaret til instrumentet.
Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøve/ensembleleiing. Det er forventa at studenten arbeider sjølvstendig gjennom ensembleprøvar, eiga øving, eiga lytting og oppgåvearbeid.
Det vert gjeve noko instrumentalundervisning og oppgåverettleiing etter behov.
Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 30 min.
- fellestimar
- ensembleprøvar
- minimum 3 konsertar der framføringane samla er på minimum 15 minutt.
- prøve i lyttepensum
- presentasjon av fordjupingsoppgåve i konsertføredrag, 30 min.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Bokstavkarakter frå A til F
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no