Norsk og/eller engelsk.
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal gje grunnlag for interpretasjon innan historisk orientert framføringspraksis basert på utøving på periodeinstrument.
MUV248 Tidleg musikk, ensemble III samlar emna MUV246 Tidleg musikk, ensemble I og MUV247 Tidleg musikk, ensemble II til gjennomføring på to semester.
Emnet gjev innføring i repertoar frå renessanse, barokk, klassisk eller romantisk stil. Her blir utøving og refleksjon kombinert, gjennom utøving, lytting, kjeldestudium, ensembleaktivitetar og fellestimar. Den einskilde studenten velger sitt/sine fagområde for fordjuping.
MUV 224 Tidlig musikk, ensemble III vert delvis samorganisert med MUV246 Tidleg musikk, ensemble I og MUV247 Tidleg musikk, ensemble II.
Studenten i fullført emne
- er godt inne i dei stilistiske trekkja i høvet mellom eige instrument og repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- er kjend med sentralt kjeldemateriale i musikkmanuskript og tekstar knytta til repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan anvende tilegna kunnskap i framføring av musikk frå repertoarområdet ein fordjuper seg i.
- kan utøve på eit eller fleire periodeinstrument.
Emnet kan søkjast av studentar med hovudinstrument innanfor det som er relevant for stilen ein har som fordjupingsområde.
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.
Søkjarar med utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar må kunne dokumentere tilsvarande bakgrunn.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Det vert arbeidd med eiga øving, litteratur (sjå eiga litteraturliste) og lytterepertoar (sjå eiga liste), førelesingar, fellestimar, ensembleprosjekt og fordjupingsoppgåve (30 min konsertføredrag). Det vert undervist i stilspesifikke emne som diminusjonspraksis, ornamentikk, generalbassakkompagnement, temperering, improvisasjon, skuleretningar etc. I fellestimane vert det arbeidd med praktiske øvingar, innstudering, framføringar og konsertføredrag (fordjupingsoppgåve).
I seminar eller i form av individuell rettleiing vert det arbeidd med innstuderingssleiing, vurdering og bruk av kjeldemateriale og presentasjon/tilretteleggjing av oppgåvearbeid.
Ensembleundervisning/prosjektprøvar vert arrangert etter avtale.
Fordjupingsoppgåva er knytt til studentane sitt hovudinstrument og historikken/repertoaret til instrumentet.
Det vert lagt stor vekt på utveksling og vidareføring av kunnskap og erfaring mellom studentane i faget, gjennom studentførelesingar og prøve/ensembleleiing.
Det er forventa at studenten arbeider sjølvstendig gjennom ensembleprøvar, eiga øving, eiga lytting og oppgåvearbeid.
Det vert gjeve noko instrumentalundervisning og oppgåverettleiing etter behov.
Innøvd og framført ensemblerepertoar: om lag 60 min.
- fellestimar
- ensembleprøvar
- minimum 5 konsertar der framføringane samla er på minimum 15 minutt.
- prøve i lyttepensum
- presentasjon av fordjupingsoppgåve.
- konsertføredrag, 30 min.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
To eksamensdelar, begge må vere greidd. Vurderinga skjer på grunnlag av to av konsertframføringane gjennomført i løpet av studieåret. Studenten må oppgi før framføringa om det er ein konsert som skal inngå i vurderinga av emnet. Dei to konsertframføringane vektas likt.
Intern sensur med minst to sensorar.
Bokstavkarakter frå A til F
Emnet erstatter MUV224 Tidleg musikk, ensemble III.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no