Emner: MUV271 Liturgikk og hymnologi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet skal førebu studentane på gudstenestleg arbeid som tilsette i Den norske kyrkja sine kyrkjelydar. Gjennom studiet skal studentane tileigna seg relevante kunnskapar i liturgikk og hymnologi og praktiske kunnskapar i liturgisk song og salmesong.

Emnet er retta inn mot tenestegjering som kantor/organist i Den norske kyrkja. Dei liturgiske bøkene og ordningane til kyrkja blir lagt til grunn.

Læringsutbyte

Studentar somhar gjennomført emnet

- kjenner til gudstenesteordningane og salmeboka for Den norske kyrkja,

- kjenner liturgien og salmane si historie frå bibelsk tid til i dag,

- har ei forståing av idégrunnlaget for kyrkjemusikken.

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at studenten er teke opp til bachelorprogrammet i musikk. Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar førelesingar, praktiske øvingar og oppgåverettleiing.

1. Liturgikk

Lesepensumet i emnet omfattar følgjande moment:

 

2. Hymnologi

Lesepensumet omfattar innføring i salme- og koralhistorie med utgangspunkt i dei viktigaste salme- og koralbøkene som har vore i bruk frå reformasjonen til i dag. Eit pensum på femti koralar, frå eldre og nyare tid, skal leggjast opp som eksempelmateriale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Praktisk/munnleg eksamen som omfattar både det teoretiske og liturgisk song og salme¬song. Kandidaten skal kunne resitere ei kollektbøn, delar av messa sitt ordinarium og salmar frå koralpensumet utan notestøtte.

 

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

 Emnet erstatter delvis MUV2074 Liturgisk teori og praksis.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt