Bachelor
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet skal hjelpe studenten til å meistre grunnleggjande direksjons- og vokalteknikk, og til å formidle uttrykk og interpretasjon andsynes ensemblet.
Studenten i fullført emne
-kan dirigera med bruk av taktfigurar.
-kan formidle tempo, karakter og dynamikk til eit vokalensemble.
-har metodar for å innstudere repertoar med eit ikkje-skolert vokalensemble/kor.
-kjenner til liturgisk og profan musikk for kor.
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet etter individuell søknad.
Studentane får øving i grunnleggjande direksjonsteknikk, innstuderingsmetodikk og interpretasjon.
Studentane i studieeininga utgjer øvingskor. Akkompagnementspel skal normalt utførast av dei studentane som har tasteinstrument som hovudinstrument.
Det vert arbeidd med korleiing, direksjonsteknikk og repertoar jamleg, i fellestimar og i mindre grupper. Studentane tek aktivt del i konsertar, liturgiske framføringar og andre prosjekt (til dømes innspelingar) knytt til undervisninga.
Eigeninnsats omfattar førebuing av eige direksjonsrepertoar, innøving og prøveverksemd utan rettleiar.
Fellesprosjekt med andre emneeiningar kan skje når tilhøva ligg til rette for det.
Det blir gjeve innføring i barnekormetodikk.
- kurs i barnekormetodikk
- observasjon av barnekorarbeid
- konsertframføringar
- fellestimar.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.
Eksamen skal gjennomførast som ein konsert, der studenten leier innstuderinga og framføringa av eit repertoar på 15 minutt, a cappella eller med instrumentalfølgje.
Intern sensur med minst to sensorar.
Bokstavkarakterar frå A til F.
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no