Emner: MUV275 Liturgisk improvisasjon - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Liturgisk improvisasjon gjev studentene grunnlag for å gje kyrkjelege handlingar og gudstenester kunstnarleg rike uttrykk, personleg utforming og smidig utføring.

Liturgisk improvisasjon er retta inn mot utøving på orgel i ramma av gudstenester og kyrkjelege handlingar. Faget baserer seg på kunnskapane i emnet MUV2074 Liturgisk teori og praksis, men utvikler desse i improvisatorisk form. Liturgisk improvisasjon inngår som ein naturleg del av kyrkjemusikkstudier.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
-kan utforma korte og lengre forspill til melodiar brukt i liturgiske tenester i Den norske kyrkja.
-kan på kort tid førebu harmonisering av melodiar brukt i liturgiske tenester i Den norske kyrkja.
-kan gjennomføre det meste i ei liturgisk teneste utan bruk av koralbøker og liturgiske hefte.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår med orgel som hovudinstrument. Søkjarar med anna hovudinstrument kan godkjennast dersom tilstrekkeleg ferdigheit i orgelspel kan dokumenterast ved opptaksprøve.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert arbeidd med
- å utforme musikk som fungerer som kortare og lengre salmeforspill
- å utforme musikk til pre- og postludium
- melodiutsmykning med assosiasjon til stilar som barokk, romantisk og moderne
- ekstemporalharmonisering


Undervisning vert gjeven i enkelt- eller gruppetimer, avhengig av påmelding og individuelle nivå.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta i gruppeundervisning og øvingsgudstenester.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som ei liturgisk teneste der studenten improviserer en hovuddel av musikken. Tid til førebuing: 24 timar.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2075 Liturgisk improvisasjon.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt