Emner: MUV276 Arrangering/Instrumentasjon - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet utviklar ferdigheit og kunnskap i arrangering og instrumentasjon med fokus på

- Arrangering for ulike vokale og instrumentale ensemble

- Transkribering

- Partiturlesing og satsreduksjon

- Instrumentering for korps og symfoniske besetningar

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

-kjenner prinsippa for satsarrangering for eit utval vokale og instrumentale ensemble.

-kan dei naudsynte teknikkane og omsyna ved transkribering mellom instrumenttypar.

-kan utforma eit pianoutdrag frå eit orkesterpartitur.

-er kjend med korleis større korps- og orkesterpartitur er bygd opp.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande. Emnet har avgrensa kapasitet. Når det er fleire studentar som ønskjer emnet enn det er kapasitet til, gjeld eigne rangeringsreglar. Sjå den generelle delen av studieplanen for studieprogrammet.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det vert arbeidd med:

- arrangering i teori og praksis (standardbesetningar og ukurante besetningar)

- instrumenteringsprinsipp i korps og symfonisk orkester

- instrumentkunnskap

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Gruppetimar med presentasjon og korrigering av oppgåver

- Individuell rettleiing i arbeidet med mappeoppgåvene

 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen vert gjennomført som mappevurdering av fem innleverte arbeid:

 

Innhaldet i mappa vert vekta likt.

Innhaldet i mappa vert vurdert samla og får ein samla karakter. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV2076 Arrangering/Instrumentasjon.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt