Emner: MUV281 Nyere komposisjonsteknikker, for utøvere - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Undervisningssemester

Undervisninga starter i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet vil presentere ulike teknikkar og metodar innanfor kunstmusikkfeltet i det 20. og 21. hundreåret, med vekt på kreativ utnytting av desse i eige arbeid.

Emnet er retta mot utøvarar innanfor klassisk og jazzutøving som ønskjer ei innføring i aktuelle komposisjonsteknikkar og metodar innanfor ein samtidsmusikalsk tradisjon, og med interesse for eigen musikkskaping.

Læringsutbyte

Ved fullført emne vil studenten vere

- kjend med eit utval aktuelle teknikkar og arbeidsformer

- i stand til å bruke desse som metodar for å skape eigne musikalske former og løysingar

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet omfattar:

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal innehalde:

- Minimum tre verk/komposisjonar på til saman minimum 10 minuttar. Verka skal følgjast av partitur/anna høveleg notasjon/arbeidsframstilling av komposisjonen, til bruk for innstudering og framføring.

- Lydfesting av framføring av dei innleverte komposisjonane

- Ein kort skriftleg refleksjon/utgreiing for kvart verk

 

Mappedelane vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Fagleg overlapp

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no