Emner: MUV290 Hovedinstrument klassisk 3 - Høst 2014




Studiepoeng

25.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle

 

Emnet er sett saman av følgjande:

 

Utvikling av eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar. Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepokar. Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal óg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

- kan arbeide sjølvstendig med tekniske og musikalske problemstillingar og utfordringar.

- har utvikla eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear.

- kjenner inngåande til repertoar og tradisjonar knytt til hovudinstrumentet.

- er i ferd med å utvikle stilkjensle i utøvinga.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG141 Hovudinstrument klassisk 2 og MUG160 Utøvande støttedisiplin, ensembleleiing eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert følgt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Repertoarkrav:

Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15.oktober).

 

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Prosjektveker krev 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Det vert halde eksamen etter andre semester. Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 20-25 minutt. Deler av eksamen kan vere kammermusikk. Ved eksamen skal studenten også ha munnleg tilbakemelding om korleis sensorane vurderer framføringa.

Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Greidd / Ikkje greidd

Fagleg overlapp

Emnet erstattar MUV230 Hovudinstrument klassisk 3

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no