Mål:
Emnet skal førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:
- stilistisk differensiert interpretasjonsevne
- teknisk og musikalsk ferdigheit
- eit breitt repertoar
- formidlingsevne
Innhald:
Emnet er sett saman av følgjande:
- eigenferdigheit
- innstuderings- og øvingsteknikk
- instrumentkjennskap/stemmefysiologi
- interpretasjons- og repertoarkunnskap
- ensemblespel
Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song.
Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar.
Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepoker.
Ensemblespel skal gje studenten erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal òg akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* dokumenterer kunnskap om og meistrar teknikkar for innstudering, øving, prestasjonsførebuing og førebygging av belastingsskadar
Ferdigheiter
Studenten ..
* har profesjonelt instrumental/vokalteknisk nivå og kan meistre framføringar av krevjande repertoar
* viser instrumentale/vokale evner til å realisere eigne musikalske intensjonar
* kan musisere saman med andre og kommunisere på ein konstruktiv måte
* har evne til å improvisere
Generell kompetanse
Studenten ..
* viser kunstnarleg uttrykksevne
* har innstudert eit breitt repertoar og viser innsikt i ulike stilartar og tradisjonar
* kan jobbe målretta og sjølvstendig, åleine og saman med andre
* kan presentere og formidle musikk i ulike samanhengar.
Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at krava i studieplanen vert følgt.
Delta på følgjande undervisning:
- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik. Orkesterstudier er obligatorisk for studentar på desse instrumenta: fiolin, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, obo, klarinett, fagott, horn, trompet, trombone, tuba, slagverk (jf. eigen semesterplan).
- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
- minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar.
Repertoarkrav:
- minst 90 minutt solorepertoar (inkl. 45 minutt frå MUV290 Hovudinstrument klassisk 3), eventuelt med akkompagnement
- samspelrepertoar (jf. spesifikk instrumentplan)
Repertoaret skal verte dokumentert i eksamenssemesteret og levert på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Prosjektveker krev 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Det vert halde eksamen etter andre semester.
Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 50 minutt (kan innehalde repertoar frå MUV290 Hovudinstrument klassisk 3).
Inntil 15 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar). Ved eksamen skal studenten også ha munnleg tilbakemelding om korleis sensorane vurderer framføringa.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
Det vert vist til relevant litteratur og lyttereperotar tilpassa kvart instrument/vokalfag.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50