Emner: MUV297 Utøvende støttedisiplin, kritisk refleksjon og formidling - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten skal utvikle evna til kritisk refleksjon omkring eigen kunstnarisk praksis, med vekt på formidling og presentasjonsformer. På førelesningane vil ein gå gjennom ulike presentasjonsformer og tilnærmingar til formidling av musikk. Studentane skal vurdere disse og sin eigen praksis i høve til dei. Emnet inkluderer eit obligatorisk konsertbesøk, der studenten skal vurdere presentasjonsforma (plakatar, annonser, førehandsomtale, konsertprogram eller munnleg presentasjon). Studenten skal få rettleiing i utarbeiding av programtekstar og munnlege programinnføringar.

Læringsutbyte

Studenten skal kunne vere i stand til å gi både skriftlege og munnlege presentasjonar av eigne og andre sine program.

Krav til forkunnskapar

Gjennomført 3. studieår på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av førelesningar, arbeid med pensum, kritisk refleksjon omkring presentasjonar og individuell rettleiing i presentasjon (munnleg og skriftleg) av eigne program.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Obligatoriske førelesningar. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.

- Eitt obligatorisk konsertbesøk

- Ein obligatorisk munnleg presentasjon på omkring 10 minuttar.

- Ein obligatorisk skriftleg presentasjon på 600-1000 ord.

Vurderingsformer

Studenten må oppfylle dei obligatoriske arbeidskrava.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Fagleg overlapp

Litteraturliste

Emnet har eit felles lesepensum på ca 100 sider, samt eit individuelt pensum på omlag 100 sider. Lesepensum vil i hovudsak bestå av artiklar, programtekstar, programomtalar, førehandsomtalar og kritikkar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa skjer mot slutten av vårsemesteret.

Institutt

Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no