Emner: MVK250 Bacheloroppgave i musikkvitenskap - Høst 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Haust eller vår
Undervisningsstad
Mål og innhald
Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid. Emnet gir studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekster.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten..
- Har kunnskap til sjølv velje ei musikkvitskapleg problemstilling og finne eigna relevant litteratur.
Ferdigheiter
Studenten..
- Har ferdigheter til å gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling.
Generell kompetanse
Studenten..
- Har generell kompetanse i å anvende spesifikke teoretiske perspektiv og metodiske verktøy til en valt musikkvitskaplig problemstilling, og kan framstille arbeidet sitt både skriftleg og munnleg.
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha bestått 120 studiepoeng for å starte på bacheloroppgåva.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.
Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar samen med andre studentar som tar emne.
- Problemstilling for bacheloroppgåva skal godkjennast.
- Rettleiing: Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøter er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren.
- Oppgåveseminar: Studentane skal munnleg presentera oppgåva og kommentera andre studentar sine oppgåver. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Oppmøte på førelesingar.
- Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving.
- Delta på oppgåveseminar. Studentane skal munnleg presentera dei skriftlege arbeida.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar.
- I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva.
Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve. Ekstern sensur.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum på om lag 1200 sider særskild knytt til oppgåva. Studentane vel sjølve litteratur i samråd med rettleiar.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@kmd.uib.nostudieveileder@kmd.uib.no