Emner: MVK250 Bacheloroppgave i musikkvitenskap - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid. Emnet gir studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekster.

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne

- Har ferdigheter til å gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling.

- Har kunnskap til sjølv velje ei musikkvitskapleg problemstilling og finne eigna relevant litteratur.

- Har generell kompetanse i å anvende spesifikke teoretiske perspektiver og metodiske verktøy til en valgt musikkvitenskapelig problemstilling, og kan framstille arbeidet sitt både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Alle obligatoriske emner i BAHF-MVK må være godkjent for å starte på bacheloroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.

 

Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminarer samen med andre studentar som tar emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Problemstilling for bacheloroppgåva skal godkjennast.

- Rettleiing: Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøter er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren.

- Oppgåveseminar: Studentane skal munnleg presentera oppgåva og kommentera andre studentar sine oppgåver. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene misser retten til å ta eksamen i emnet.

 

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane bler eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva. Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve.

 

Ekstern sensur.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum på om lag 1200 sider særskild knytt til oppgåva. Studentane vel sjølve litteratur i samråd med handledar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.