Vår.
Hovudmålet for emnet er å få fram nanovitskapen og -teknologien sin eigenart gjennom eksempel henta frå aktuelleforskingsprosjekt ved og utanfor Universitetet i Bergen, eksempel på nanoteknologi i aktuelle produkt, og problemstillingar av etisk og samfunnsmessig karakter knytt til teknologi. Eit delmål er at studentane skal få innsikt i kva forsking er og korleis naturvitskapleg forsking og forskingsformidling føregår. Arbeidsforma består av ei førelesningsrekke om ulike aktuelle nanovitskaplege og -teknologiske tema med lokale og eksterne foredragshaldarar. Kvar førelesning vert førebudd i eit obligatorisk diskusjonskollokvium. Alle studentane deltar på orientering hjå nanovitskapleg-relevante forskingsgrupper for å bli kjent med nanovitskapleg problemstillingar og tilknytte arbeidsmetodar. I tillegg blir kvar student assosiert til ei forskingsgruppe i 1-2 dagar og deltar i arbeidet/eksperiment i gruppa. I denne samanhengen blir det definert eit individuelt skriftleg pensum som gir bakgrunn for metodar og problemstillingar i gruppa, og journalføringa skal reflektere at det skriftlege pensumet er forstått. I slutten av semesteret lagar og presenterer studentane plakat over den nanovitskaplege eller -teknologiske problemstillinga frå orienteringa og "si" forskingsgruppe.
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Deltaking på minst 10 av dei 12 førelesingane. Deltaking på minst 10 av dei 12 første kollokvia.
Deltaking på orientering hjå dei ulike forskingsgruppene, og i eit arbeid i ei forskingsgruppe, inkl. føring av journal (¿Orientering og Prosjektoppgåve¿). I tillegg skal kvar student lage ein poster som presenterer det faglege innhaldet i arbeidet i si forskingsgruppe samt førebu ein munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i posteren.
Emnet nyttar mappeevaluering med fire element:
For å få levere mappeelement må studenten ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar, inkludert godkjent oppmøte på kollokvia og førelesningar, godkjent deltaking på orienteringa hjå forskingsgruppene og godkjent deltaking på arbeid i forskargruppa. Mappa blir vurdert som Bestått/Ikkje bestått. Bestått vurdering føreset at alle mappeelementa (fleirvalstest, orientering og prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon) kvar for seg blir vurdert til å vere på nivå tilsvarande Bestått.
Mappeelement er gyldige i 2 påfølgjande semester etter semesteret dei vart gjennomført i.
I semester utan undervisning og for studentar som har gyldige mappeelment for prosjektoppgåve, poster og munnleg presentasjon, vert det gjennomført skriftleg skuleeksamen (2 t). Dei tre nemnde mappeelementa inngår i grunnlaget for karaktersetting.
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.