Emner: NANO244 Material- og nanokjemi - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk.

Undervisningssemester

Haust (første gong hausten 2014, fargekode: gul).

Emne har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

 

 

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Material og -nanokjemi er eit emne som blir tilbydd studentar som er interessert i vitskapen rundt faststoff og nanomaterial. Storleiker på 1 til 100 nanometer er av fundamental viktigheit i materialvitskap. Endringa av kjemiske og fysiske eigenskaper, avhengig av storleikseffektar, gjev den ultimate inspirasjon for utvikling av nanostrukturerte material som, mellom anna, finner bruksmåtar som adsorbent, katalysatorar, og "quantum confined" material. Samstundes er det naudsynt å ha kunnskap om opptreden av bulkmaterial for å utvikle ein forståing av dei spesielle eigenskapane av nærskylde nanomaterial. Emnet vil introdusere studenten til syntese, identifisering og karakterisering, eigenskapar, funksjonalisering og bruk av faststoff og nanomaterial, blant dei nanopartiklar og nanoporøse material. Relevansen av slike nanostrukturerte material for avansert materialvitskap, katalyse, medisin, og adsorpsjon/separasjonsprosessar blir demonstrert.

Emnet inkluderer praktiske øvingar som introduserer studenten til framstilling og karakterisering av ulike typar nanomaterial.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

 

Krav til forkunnskapar

KJEM120.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppmøte på dei obligatoriske førelesningane, gjennomføring av laboratorieøvingar og føring av laboratoriejournal.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to (2) påfølgande semester etter godkjenninga.

 

 

 

 

Vurderingsformer

1. Føring av laboratoriejournaler (30 %).

Kvar laboratoriejournal bedømmas som bestått/ikkje bestått. Om ein journal ikkje er bestått kan han leveras inn på nytt etter omarbeiding. Laboratoriedelen av NANO244 blir vurdert som eit heile basert på laboratoriejournalane og dugleik i praktisk gjennomføring av øvingane. Begge elementa inngår i vurderinga av laboratoriekurset i karakterskalaen A-F.

2. Eksamen (tel 70 % av karakteren).
Eksamensforma kan bli munnleg eller skriftleg (3t) avhengig av kor mange studentar som er meldt til eksamen.

Utfyllande eksamensreglar:

1. Karakteren for føring av laboratoriejournalar er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

2. I semester med undervisning:

Studentar med godkjend laboratoriekurs frå tidlegare semester kan gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakteren på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersettinga.

3. I semester utan undervisning:

a) Studentar med godkjend laboratoriekurs kan berre gå opp til avsluttande eksamen, som då inngår i mappa saman med karakter på føring av journalar. Den avsluttande eksamen tel 70 % i karaktersetinga. Det kan være mulig at eksamen blir skriftlig uansett kor mange studentar som melder seg.

b) Studentar utan godkjend laboratoriekurs frå tidlegare kan ikkje ta eksamen.

 

Vurdering i laboratoriepraksis

- Vere budd til dei praktiske øvingane ved å ha den naudsynte teoretiske forkunnskapen og ha gjennomført forberedande oppgåver som var spurt om på førehand, som ein forkunnskap for gjennomføring av øvinga (til dømes berekning av mengde av stoffer). 

- Vise god forståing for dei eksperimentelle prosedyrane i praksis og i teori. 

- Gjennomføre eksperimenta på ein forsvarleg måte, til dømes ved å følgje reglementet for tryggleik på laboratoriet. 

- Oppnå det venta eksperimentelle resultatet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

KJEM244: 7 studiepoeng. NANO200: 3 studiepoeng. Dersom studenten allereie har tatt NANO200, kan vedkommande følgje NANO244 ved å få eit tilpassa laboratoriekurs.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Administrativ koordinator for nanoteknologi: Studieveileder@nano.uib.no. studierettleiar@nano.uib.no

 

Førelesar finn du på Mi side.