Emner: NANO300 Seminar i nanovitenskap - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Undervisninga er ein seminarserie der studentane skal leggje fram og diskutere sine forskingsprosjekt. Det vert lagt stor vekt på aktiv deltaking frå studentane som i stor grad også vil vere med på å forme emnet. Målet er at studentane skal lære å presentere og kommunisere forskingsresultat.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  1. Kjenne til utfordringar og teknikkar for kommunikasjon av vitskap.
  2. Presentere vitskapelig material både munnleg og skriftleg.
  3. Forsvare metodeval og konklusjonar i vitskapleg diskusjon.
  4. Kritisk vurdere forskingsresultat.

Krav til forkunnskapar

 Tatt opp til masterstudiet eller Ph.d.-studiet i nanovitskap ved UiB.

 

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på fem av seks seminar. Presentasjon av eige mastergradsprosjekt. Skrive ein populærvitskapelig artikkel.

Vurderingsformer

Godkjent populærvitskapelig artikkel, godkjent presentasjon av eige mastergradsprosjekt, godkjent frammøte og godkjent deltaking på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.

Karakterskala

Bestått eller Ikkje bestått.

Vurderingssemester

Kun vurdering i semestre med ordinær undervisning. Se Vurderingsformer.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.