Emner: NEU201 Nevroestetikk - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Undervisningssemester

 Vår/haust, men ikkje fast

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Nevroestetikk er ein relativt ny disiplin, og ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv psykologi, nevrobiologi og kunst. I nevroestetikk nyttar ein modellar primært frå kognitiv psykologi i studiar av korleis hjernen reagerer på estetiske stimuli.

Emnet vil gi grundig innsikt i metodar i nevroestetikk, illustrert gjennom eit utval av særleg sentrale og nyare vitskaplege arbeid innan dette feltet. Grunnleggjande syns-fysiologi i persepsjon av form og farge står også sentralt i emnet.

Læringsutbyte

 Etter fullført emne skal studentane

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Det er god hjelp, men ingen føresetnad, å ha grunnleggjande kunnskapar i psykologi og/eller biologi frå universitetet, slik som PSYK100 og BIO111/BIO114 (UiB). Elles vil det vera tilrådeleg med grunnleggjande kunnskapar i kunsthistorie.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Førelesingar over normalt 12-14 dobbelttimar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Ingen

Vurderingsformer

 7 dagars heimeeksamen. Omfanget på oppgåva skal vere mellom 3500-4000 ord.

Karakterskala

 Karakterskala A til F

Fagleg overlapp

 Ingen

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Pensum er på 500 sider

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

 Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

E-post: studierettleiar@lle.uib.no