Emner: NODI101 Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

100-nivå i integrert lektorutdanning

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukt.

Undervisningssemester

Haustsemesteret. Tredje semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek nordisk som fag I. Femte semester for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet handlar om fagdidaktikk i nordiskfaget og norskfaget. Grunnleggjande spørsmål vil her vere kva norskfagleg kunnskap er, korleis slik kunnskap vert utvikla, og kvifor slik kunnskap er viktig å utvikle i samfunnet vårt.

Det vert i emnet lagt mest vekt på språkfaglege spørsmål.

Emnet skal gje studentane kunnskap som fremjar innsikt i:

1. norskfagleg sjølvforståing og danningshistorie

2. språkutvikling og tekstforståing.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane:

1. Kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål i fagdidaktikken. Det vil seie at dei med utgangspunkt i fagleg kunnskap skal kunne problematisere kultur- og danningspotensial i norskfaget i fortid og notid.

2. Ha skaffa seg innsikt i korleis elevar kan utvikle språk- og tekstkompetanse.

Kunne setje sentrale styringsdokument for norskfaget i skulen i ein ideologisk og historisk samanheng.

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 eller NOSP102).

Tilrådde forkunnskapar

Minimum 30 studiepoeng i norskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur (NOLI102 og NOSP102).

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet, UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar på minimum 12 timar.

Obligatorisk for- og etterarbeid i samband med skulebesøk på minimum 6 dobbelttimar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta på skulebesøk og å leggje fram erfaringar frå skuleerfaring.

For fag I (i det tredje semesteret) er skuleerfaringa knytt til fagdidaktikk. For fag II (i det femte semesteret) er skuleerfaringa knytt både til fagdidaktikk og pedagogikk.

Vurderingsformer

Eksamensforma er heimeeksamen på 7 dagar med oppgjeve emne, om lag sju sider. Retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Heimeeksamenen skal skrivast på bokmål.

Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert rett og god språkføring vektlagd.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.

Litteraturliste

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium gjev framlegg om spesifisert pensumliste i emnet. Pensum for NODI101 utgjer om lag 400 sider av normal vanskegrad.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).